Åseral

I Åseral har vi Aktivitet på resept. Det er nå ein del av Frisklivssentralen. Frisklivssentralen er leia av fysioterapeut Gro Boge Aasheim. Ho har med seg Elin Forgard som leiar ein av lavterskelaktivitetane (Aerobic).

Dei aktivitetane vi tilbyr finn du i timeplanen under.

Aktivitet på resept:

«Aktivitet på resept» er eit tilbod for deg som ønskjer å endre levesett, og kan vere starten på eit betre og meir aktivt liv. Du kan bli henvist av fastlegen, anna helsepersonell eller NAV. Du kan óg ta kontakt direkte med fysioterapeut Gro.

Tilbodet inneheld:

  • Personleg samtale med fysioterapeut ved oppstart, der vi snakkar om din motivasjon og dine mål for treninga.
  • Aktivitet i gruppe 2 gonger i veka i 12 veker.
  • Du får tilbod om å vere med på Bra Mat-kurs 5 kurskvelder der vi lærar om, smakar på og lagar vanleg sunn mat.
  • Røykesluttkurs om du ønskjer å slutte å røyke.
  • Sluttsamtale etter 12 veker. Du får tilbod om å fortsette å vere med på ein eller fleire av aktivitetane du har vore med på, eller vi hjelper deg å finne andre aktivitetar som passar deg her i Åseral. Aktivitetane passar for alle.

Frisklivssentralen

Dei aktivitetane vi har på Aktivitet på resept er lavterskelaktivitetar og opne for andre, men dei må kontakte fysioterapeut Gro Boge Aasheim for ein prat først. Lavterskel betyr at du ikkje treng å ha trent noko for å vere med. Aktivitetane passar for alle.

Skal du bruke Frisklivssentralen sine aktivitetar kostar det 200,- pr kvartal.

Microsoft Word - timeplan_seral.doc
Klikk på biletet om du vil sjå kalendaren større.

KONTAKTINFORMASJON

Gro_Boge_AasheimLeiar av Frisklivssentralen/fysioterapeut

Gro Boge Aasheim

Telefon: 38 28 59 23

Mobil: 918 40 775

gro.boge.aasheim@aseral.kommune.no

 

ElinForgardMedarbeidar/aerobicinstruktør

Elin Forgard

Mobil: 482 48 937

elin.forgard@aseral.kommune.no

 

 

randi_byremoFolkehelsekoordinator

Randi Byremo Evje

Telefon: 38 28 59 70

Mobil: 958 45 100

rbe@aseral.kommune.no

 

Nyttige lenker:

Åseral Idrettslag

Åseral Skytterlag (facebookside)

Åseral kommune